Hopp til hovedinnhold
Plakat for Samantha Who? (2007)

Samantha Who?

Serie
3

I blant kastar eg bort dyrebar fritid på middelmåtige seriar fordi eg har lyst å fullføre dei. Dei første episodane av andre sesong av Samantha Who? var litt slik, men tok seg etter kvart opp til eit heilt kurant nivå. Rollefiguren til Christina Applegate har sin snodige sider og morosame impulsar som gjer at den mindre spennande premissen for serien og halvkjipe læring av feiling-tullet ofte nok blir mogleg å oversjå.

Rob Buckley på The Medium Is Not Enough (the-medium-is-not-enough.com) hadde også tenkt å gi seg, men blei verande på grunn av Christina Applegate. I omtalen av opninga på andre sesong meiner han serien står for mykje stille, medan ho og Jean Smart framleis får fram latteren. Det liknar grunnen til at eg heldt ut. Premissen treng ikkje bli betre kvar gong så lenge den komiske figuren i midten treff ofte nok.

Det skal vere sagt at sjølv om Samantha Who? i andre som i første sesong kavar seg opp på stigen til å bli akseptabelt tidsfordriv, så finst det betre komediar der ute. Men eg senka guarden litt for lenge til å la Christina Applegate treffe ein soft spot, og lét meg underhalda nok til å fullføre denne kortlevde komiserien.