Hopp til hovedinnhold
Plakat for Samurai Chanpurû (2004)

Samurai Chanpurû

Serie
3

Det har vore ei stund sidan eg fullførte ein heil animeserie. Årsaka er enkelt og greitt at eg hadde sett for mykje dårleg og ikkje sett poenget i å prøve meg meir på det. Men når det vart tipsa om Samurai chanpurû som ein god serie, og mi tidlegare erfaring med same produksjonsselskap i form av Kaubôi Bibappu Tengoku no Tobira var god, så hoppa eg like gjerne i det.

For å halde dette kort vel eg å droppe eit samandrag, serien handlar enkelt og greit om to samuraiar og ei jente som reiser gjennom Japan under Edo-tia for å finne ein samurai som luktar av solsikkeblome. Dei møter mange hinder på vegen. Det heile er tidvis hip hop-inspirert, på same måte som Kaubôi Bibappu er westerninspirert. Om eg ikkje tar heilt feil.

Serien var stort sett bra, men eit par episodar var også litt kjedelege. Dei tre siste episodane tok serien opp på eit heilt nytt nivå, og det heile blei verdig runda av. Det er ikkje målet i seg sjølv som er viktig i serien, men vegen til målet, og det var ein del sprø slåsting og mørk humor innblanda.

Det ujamne nivået blir også nemnt på Canne’s anime review blog (canime.wordpress.com). Skribenten rosar animasjonen og kampscenene, men finn nokre episodar mindre vellukka og er særleg skuffa over løysinga på sjølve leitinga. Der går me kvar vår veg. For meg løftar dei siste episodane serien, medan reisa fram dit er viktigare enn målet. Difor kan eit par kjedelegare stopp undervegs også få plass i ein stort sett god serie.