Semester er ein norsk serie med Skam-alumn Herman Tømmeraas, som spelar ein ung mann i Oslo. Serien tar for seg deler av livet som omhandlar pengar, jobb, kjærleik og studium.
Serien har blitt distribuert på null.video og på NRK, har blitt sendt i tre sesongar. Der berre dei to første var å finne på NRK.
Dette er ein serie som gir preg av eit mindre budsjett, men som likevel gjer mykje ut av seg. Det er godt drama og ein god flyt på tvers av dei kortare episodane. Sesongane går altfor fort å sjå. Så Semester oppnår godt å vere ein fengande serie.
Det er innslag av mange små historiar som alle har sitt ved seg. Den frie Erling, spelt av Herman Tømmeraas, er ein karakter som er vanskeleg å skjønne seg på i starten. Men over tid blir me kjent med han i akkurat passe tempo. Og etter andre sesong er me framleis ikkje komme til botnen i kven han er eller kor vegen går.
I tillegg er det andre mystiske karakterar, i mangel på betre ord, som også er interessante. Kva er motivasjonen deira? Det er mange spørsmål å stille seg undervegs. Samtidig er det noko med innhaldet i serien som er gjenkjenneleg. Måten mange av karakterane ikkje vil forplikte seg til noko er trekk eg hugsar frå studietida mi.
Det er ikkje rart at tredje sesong ikkje er å finne på NRK. I løpet av dei 13 episodane så skjer det omtrent ingenting. Det er kleint og litt kjedeleg. Serien legg opp til ein del, men svarar ikkje på det.
Skulle eg rangert kvar sesong for seg så ville første sesong ha fått 4/5, andre sesong ville ha fått 3/5 og tredje sesong ville ha fått 2/5.