Hopp til hovedinnhold
Plakat for Sherlock (2010)

Sherlock

Serie
3

I 2010 byrja BBC å sende Sherlock, ein moderne variant av Sherlock Holmes av Arthur Conan Doyle. Serien består av korte sesongar med lange episodar, som kvar baserer seg på ein eller fleire Sherlock Holmes-historier. Tilpassa notida og eit samanhengande serieformat.

Eg innser etter kvart at eg ikkje er den største fan av Sherlock Holmes. Bøker og filmar har aldri slått heilt an. Denne serien er god, og det beste eg har vore borti. Men sett forbi den friske innpakningen så tykker eg nok heller ikkje at historiene som er fortalt her er dei mest interessante. Så det er på det stadiet det ligg.

Humoren er ein av sidene ved denne moderne varianten eg har mest sansen for. Karakterane Sherlock Holmes og Watson er både ein del av humoren, og dei som utfører komisk dialog. Dette og det dramatiske er nok til at eg likar serien passe godt og held fram med han. At mysteria ikkje er meir enn greie nok, kjem i andre rekke.

Variasjonen mellom det mørke, dramatiske og komiske er noko Doctor Necrotic likar på An Irradiated Archive of the Cosmic and Weird (doctornecrotic.wordpress.com). Omtalen rosar rollebesetninga og finn mykje glede i dei meir leikne sidene ved Sherlock Holmes, sjølv om nokre episodar og avsløringar er svakare. Eg blir heller ikkje først og fremst verande for mysteria. Samspelet og humoren gir meg meir enn sjølve løysinga på gåtene.

Ettersom eg har sett serien over fleire år og ikkje notert meg spesifikke poeng med kvar sesong eller episode, så blir dette eit generelt innlegg.