I 2010 byrja BBC å sende Sherlock, ein moderne variant av Sherlock Holmes av Arthur Conan Doyle. Serien består av korte sesongar med lange episodar, som kvar baserer seg på ein eller fleire Sherlock Holmes-historier. Tilpassa notida og eit samanhengande serieformat.
Eg innser etter kvart at eg ikkje er den største fan av Sherlock Holmes. Bøker og filmar har aldri slått heilt an. Denne serien er god, og det beste eg har vore borti. Men sett forbi den friske innpakningen så tykkjer eg nok heller ikkje at historiene som er fortalt her er dei mest interessante. Så det er på det stadiet det ligg.
Humoren er ein av sidene ved denne moderne varianten eg har mest sansen for. Karakterane Sherlock Holmes og Watson er både ein del av humoren, og dei som utfører komisk dialog. Dette og det dramatiske er nok til at eg likar serien passe godt og held fram med han. At mysteria ikkje er meir enn greie nok, kjem i andre rekke.
Ettersom eg har sett serien over fleire år og ikkje notert meg spesifikke poeng med kvar sesong eller episode, så blir dette eit generelt innlegg.