Skal vi danse er eit norsk underhaldingsprogram på TV 2. I kvar sesong skal eit utval norske kjendisar konkurrere om å bli best i å danse. Kvar veke ryk paret med minst stemmer ut. På slutten av sesongen blir den beste kjendisen stemt fram som vinnar.
Progresjonen i danseferdigheitene aukar i takt med at vekene går. Det litt klumsete utgangspunktet blir etter kvar til habil dansing. Kjendisane dansar i lag med profesjonelle dansarar, og får timesvis med instruksjon kvar veke.
Eg har sett 14. sesong frå 2018, der følgande personar var med: Sophie Elise Isachsen, Frank Løke, Amalie Snøløs, Aune Sand, Jan Gunnar Solli, Martine Lunde, Aleksander Sæterstøl, Einar Nilsson, Thea Næss og Marianne Krogness.
Og eg har sett sesong 16. frå 2020, der følgande personar var med: Marte Bratberg, Nathan Kahungu, Andreas Wahl, Thomas Alsgaard, Michael Andreassen, Agnete Husebye, Siri Kristiansen, Birgit Lovise Skarstein, Fred-René Buljo, Kristin Gjelsvik, Synnøve Skarbø og Øystein Paul Lihaug Solberg.