Skins har helde på i nokon år, og ved eit par høve har det blitt sagt at serien er ferdig. Den sjuande sesongen ser no ut til å bli den siste.
Oppskrifta på den siste sesongen er ny. I løpet av seks episodar får me møte igjen tre karakterar frå tidlegare sesongar i tre nye historier. Det er ingen samanheng mellom desse tre historiene, slik som tidlegare Skins har hatt.
Eg var klar for denne sesongen, men blei skuffa. Det var ikkje gøy lengre, og både stemninga og tonen var for alvorleg. Det var heller ikkje så dryg ungdomskultur som dei tidlegare sesongane skildra. At sesongen skulle vere annleis var eg innstilt på, men eg hadde rekna med at essensen til Skins var der.
Historiene som blir fortalt er i utgangspunktet gode nok, og skildrar på sitt vis korleis livet etter ungdommen kan bli. Det er ein grei flyt, det skjer ting heile vegen. Men litt for ofte blir det nokon kjedelege stunder.
Serien er framleis dryg, både handlingar og personar er over toppen. Men det kjennest ikkje like skarpt og uskyldig som då Skins-karakterane var ungdommar. Det blir ein meir oppgitt tone over liva deira. Det fenger ikkje like bra.
Tidlegare Skins har vore blant dei beste ungdomsseriane eg har vore vitne til. I mangel på eit godt norsk ord vil eg bruke edgy som det mest dekkande ordet. Og usensurert.