Hopp til hovedinnhold
Plakat for Skitten Snø (2019)

Skitten Snø

Serie
4

Skitten Snø er ein NRK-serie om jente som blir valdteken, og blir trua av valdtektsmannen i ettertid. Kamalpreet Kaur har hovudrolla, og Tarjei Sandvik Moe spelar ei sentral rolle. Sistnemnde er den verkelege stjerna her, som strålar i ei av dei mest ufyselege rollane eg har sett siste året.

Det kalde ubehaget Tarjei Sandvik Moe tilfører, blir òg framheva av Reidar Spigseth på Dagsavisen (dagsavisen.no). Han meiner serien prioriterer intensitet og spenningsstemning framfor djup karakterutvikling, men finn forteljinga både drivande og engasjerande. Det passar med mitt inntrykk. Nokre situasjonar blir dryge, men den ufyselege rolla til Tarjei Sandvik Moe er ein viktig del av det som held spenninga oppe.

I løpet av åtte episodar på under ein halvtime kvar får me den fæle handlinga og etterfølgande av ho. Valdtekstmannen har eit overtak som han brukar mot offeret, og heile situasjonen med at ho er del av det norsk-pakistanske miljøet.

Det blir i blant litt over toppen, men elles er dette ein stemningsrik og svært spennande serie som kan bli anbefalt.