Då eg for første gang benka meg ned framfor PC-skjermen, i ein alder av 16 år, for å sjå Smallville, var eg frelst. Å kunne følge Clark Kent og vennene hans som 16-åringar i heimbyen var ei spennande utforsking av ei ny side ved eit alternativt Superman-univers, og var drama som traff fort og hardt.
Eg tenkte nok aldri at serien ville halde på i ti år, og har vore tvilsam til den store rolleutskiftinga undervegs, og byte av miljø som har skjedd. Likevel har eg halde fram med Smallville fram til i dag, for å sjå korleis Superman oppstår i dette universet har alltid overgått det negative.
Frå livet som 16 år gamle Clark Kent, som stadig oppdagar nye krefter og må kjempe mot kryptonittskapte monster på high school, har serien gått ein lang veg. Etter kvar blei det naturleg å hoppe over på college, og seinare flytta Clark Kent til Metropolis, der me frå før er mest van til å sjå han. Smallville har gjort sine eigne vriar samanlikna med Superman-mytologien, men oppfyllinga av mytologien har alltid vore høgdepunkta ved serien, det andre går som kunstnarisk fridom.
Eg har vakse opp med Smallville. Det er den einaste serien som har gått fast siden eg byrjar å sjå på seriar, binge watching, slik eg gjer i dag. Sånn sett er det vanskeleg å stille seg kritisk til serien. Eg har akseptert nedturar, mindre lure utskiftingar og bortgangen til viktige karakterar. Tiande og siste sesong representerte ikkje ein serie eg ville ha byrja på i dag. Eg tenker tilbake til den gongen Smallville handla om å vere ungdom og finne ut kven eg sjølv var, og då eg drøymte om å ha superkrefter sjølv. Den gongen då eg var hekta og sat ti timar om dagen for å sluke nye sesongar. Denne trongen har gradvis forsvunne, men Smallville har aldri vore noko pliktløp.
Det er både rart og kjekt at Smallville er slutt etter så mange år. Med ei avslutting som har fått tid til å bygge seg opp, og som serien fortener. Det er vemodig, men samstundes er eg litt letta. Smallville burde hadde lagt inn årene for nokon år sidan, før dei største utskiftingane. Dei siste sesongane har trass i grei kvalitet, men dei raude trådane har helst handla om å redde verda frå monster og romvesen. Motsanden og alliansen har nok (dette har eg mindre kunnskap om) blitt henta ut frå Superman-mytologien. Det har vore høg dramatikk og mykje alvor. Det som har redda serien frå ein vond, repeterande sirkel er at han stadig har blitt vaksnare og konsekvensane for handlingar stadig har fått større omfang.
Ein gong i tida var Smallville det beste eg hadde sett. Om eg kunne sagt det same i dag, viss eg for første gang hadde sett serien no, veit eg ikkje. Men eg har ei kjensle av at han framleis ville ha gjort inntrykk. Gjennom sitt lange livsløp har Smallville fått gjort som serien vil, eg har sjeldan blitt skuffa, men heller blitt positivt overraska. Det handlar nok om forventingar òg.
Med det seier eg takk og farvel til skremmande mange timar med Smallville.