Sons of Anarchy - Filmdagbok

Sons of Anarchy 2008

Det som i utgangspunktet trakk meg til Sons of Anarchy var den westernaktige greia serien har ved seg. Men sett til moderne tid, og der hestar er erstatta med motorsyklar. Det var ein tøff serie, som også hadde litt snakk om familie og drama. Det gjekk føre seg på ein måte i si eiga verd, som var fint skildra og der eg lett kunne førestille meg samanhengen mellom stader på min eigen måte. Litt rom for fantasi er fint.

Det fungerte godt ei god stund. Litt tullete og for mykje snakk om kjensler var det innimellom. Men etter nokon få sesongar byrja det å dryge. Alt blei tatt litt for langt i forsøk på å holde det friskt, men uansett kva gale som blei gjort av dei sentrale karakterane, så blei dei tilgitt av andre eller av serien. Det blei vanskelegare og vanskelegare å godta det som blei formidla.

I tillegg blei det også kjedeleg å sjå at ting gjentok seg. Karakteren eg gir til serien baserer seg i stor grad på den gode perioden. Hadde eg vurdert den andre halvdelen av serien ville det sett annleis ut. At eg valde å fullføre serien er fordi eg har ei interesse av å sjå korleis ting utarta seg. Det er ikkje noko eg anbefaler. Sons of Anarchy er eigentleg ikkje god nok på noko tidspunkt gjennom serien til at eg vil anbefale han. Så sant du ikkje har ei spesiell interesse for det serien består av.