Space Force er ein komiserie frå Netflix som opererer i midtskiktet på skalaen. Det er ein lur og lun type humor, men han manglar den skarpaste og mest vittige framføringa. Mange av dei gode poenga er på plass, så det er synd at serien ikkje når heilt fram til mållinja.
I forsøket sitt er serien Silicon Valley det næraste eg kjem i samanlikning av typen humor. Og med den serien friskt i minne er standarden å nå opp til vanskeleg. Men det er altså ein roleg framført og ei seriøs vinkling av vitskap med humor som er greia her.
Gjennom heile den første sesongen blir eg sitjande med kjensla av at Steve Carell er nære, men at berre ein del av forsøka på latter treff.
Forutan rabling av kva serien ikkje er, så kan eg nemne kva serien er. Han handlar om Space Force, som i dette oppdikta serieuniverset som liknar på vårt, er verdsromversjonen av Air Force. Med interesser i verdsrommet som må bli beskytta, så har behovet for ein styrke komme. Space Force er eit pengesluk utan like. Det er også ein institusjon med forskarar på ei side, og militære på ei anna. Og dei må alle innrette seg etter politikken.
På sitt beste er det gode ting som kjem ut av denne serien. Og eg håpar at ein ny sesong kan levere betre enn denne. Men erfaringen med tidlegare Netflix-seriar gjer meg skeptisk.