
Stenbeck
Stenbeck forsøker å teikne eit portrett av Jan Stenbeck, ein sentral figur i svensk medie- og næringsliv, men landar ikkje heilt. Serien dveler ved forfallet, både fysisk og mentalt, og legg mykje vekt på det destruktive ved livet hans. Det han faktisk fekk til, som å starte TV 3 og utfordre eit fastlåst system, kjem litt i bakgrunnen.
Det ligg ei potensiell helteforteljing her, om ein mann som sette seg inn reglane og gjekk for omvegar, men ho får aldri heilt plass. Kanskje er det nærare sanninga at det var meir kaos enn kamp, men resultatet blir ein serie som framstår meir som ei nøktern, litt daff observasjon enn ei engasjerande forteljing. Verken heilt inspirerande eller heilt opprivande, berre midt i mellom.
Jon Andersson finn meir av denne forteljinga på Dagens Arena (dagensarena.se). Han meiner serien er mest interessant når Jan Stenbeck utfordrar monopola og endrar Sverige, medan siste episode blir ei pliktskuldig oppsummering av forfallet. Eg er mindre engasjert i heilskapen, men det er interessant at me begge ser dei nyskapande forretningsåra som det sterkaste utgangspunktet.
