Hopp til hovedinnhold
Plakat for Sterling Point (2026)

Sterling Point

Serie
3

Sterling Point startar med eit premiss som fenger meg raskt. Annie Jacobson (Ella Rubin), bur i New York med tvillingbroren Connor og faren Steven. Ein dag får ho vite at bestefaren hennar har testamentert henne ei øy i Canada. Bestefaren har ho aldri møtt. Det er nok stoff til å bygge fleire episodar på, og serien gjer nettopp det i starten.

Annie reiser til øya. Alt det uvisse rundt familien, kven som eig kva og kva som skjedde med mora hennar, gir dei første episodane driv. Eg sat og lurte på kor mange lag av løyndommar dei hadde planlagt.

Så ein stad i midten byter serien retning. Historia blir mindre viktig. I staden får me lange samtalar mellom karakterane. Mange scener med deling av kjensler skal utfoldast. Det er ikkje det at desse samtalane er dårlege kvar for seg. Samtalane byrjar å likne på kvarandre. Same type konflikt blir snakka om igjen og igjen.

Det er ikkje nødvendigvis eit problem at ein serie brukar mykje tid på samtalar som ikkje driv handlinga framover. Micha Frazer-Carroll på The Guardian (theguardian.com) meiner at nettopp dette gir Sterling Point eit meir naturleg preg. Ungdommane får snakke og oppføre seg som ungdommar. Eg ser poenget, men for min del blir det for mykje av det same. Det som først verkar naturleg, blir etter kvart eit problem når sjølve mysteriet hamnar i bakgrunnen.

Annie som hovudfigur mistar noko av grepet sitt undervegs. Ho byrjar sterkt, nysgjerrig og drivende, men blir gradvis mindre og mindre ein person med eiga retning.

Miljøet gjer mykje for stemninga. Muskoka-området med sjøar og hytter gir serien ei steminng som eg søkte etter når eg byrja på serien.

For meg held det med ein sesong. Serien er blitt fornya. Det er sikkert meir familiehistorie å grave i. Men når midtpartiet allereide slit, så treng eg ikkje følge gravinga meir.