Studio 60 on the Sunset Strip - Filmdagbok

Studio 60 on the Sunset Strip 2006

Studio 60 on the Sunset Strip var ein av to nye seriar hausten 2006 som dreia seg om miljøet bak kulissene på eit tv-show. Den andre var 30 Rock som eg nyleg såg første sesong av.

I denne serien som er av det lengre formatet, 40 minuttar lange episodar og orientert omkring drama, følger me gjengen bak Saturday Night Live-etterlikninga Studio 60 on the Sunset Strip. Matthew Perry, Amanda Peet og Bradley Whitford spelar hovudrollene og gjer sitt til at eg ikkje kan utsette noko på rollebesetninga. Heller ingen av dei andre er nemneverdig i negativ forstand. Mannen bak serien er godaste Aaron Sorkin, han som i si tid kom med The West Wing. Det får vere nok nemning av namn.

Studio 60 on the Sunset Strip står fram som ein smart serie med nok av dialog, mykje av han krev at du må følge med, og serien slepp å bli overflatisk tull om bransjen. Dette gjer på si side at det er lett å bli rive med inn i den omfattande blandinga av personlege intrigar, nettverkspolitikk og produksjonen til showet det heile handlar om. I tillegg til å underhalda er Studio 60 on the Sunset Strip med på å opplyse til ei viss grad omkring produksjonsmetodane til eit show av typen direktesendt sketsjprogram. Dette er storveges for ein serieinteressert som meg.

Persongalleriet er godt, atmosfæren er til å bli forelska i, det meste er på plass. Heilt til serien er komme forbi halvveges og byrjar blande inn for mange tilbakeblikk og dele enkle historier over fire episodar på rad. Tru meg, eg likte Studio 60 on the Sunset Strip, men har ingen problem med å forstå at serien ikkje blei fornya etter eit langdryge avsluttingsmaraton og tydelegvis mangel på nye idear for å halde nivået like høgt som dei første 13 episodane heldt, det var trass i alt desse som gjorde at serien blei forlenga til ein heil sesong på 22 episodar.

For ikkje å verke for negativ vil eg avslutte med å sei at dette eigentleg gjekk ganske bra unna store deler av vegen, Matthew Perry er glimrande, oppbygginga rundt eit tv-show fungerer utmerka, og siste episode har ei avslutting som gjer denne eine sesongen til eit fullstendig produkt.