
Sugar Rush
Denne britiske Channel 4-serien tar for seg livet til lesbiske Kim, som er forelska i venninna Sugar. I staden for å fokusere for mykje på problem rundt det å vere ung og lesbisk, handlar Sugar Rush om ein familie der broren trur han er romvesen og eit foreldrepar som går dei ekstra stega for å halde saman.
Det handlar om vennskap, utnytting av vennskap, drikking og narkotika. Men serien er svært uhøgtideleg og tar aldri problema for seriøst, refleksjon er opp til sjåaren. Strengt tatt er dette ein komedie, men som mykje britisk er det ei blanding av meir til.
På Rev/Views (rev-views.blogspot.com) blir serien rosa for å handsame ungdomskjærleik både morosamt og varsamt. Omtalen av begge sesongane meiner dessutan balansen mellom forteljarstemme, dialog og handling er god, og at dei andre figurane verkar å ha liv også utanfor Kim sitt blikk. Det utdjupar kvifor serien er meir enn problemet med å vere forelska i ei venninne. Familien og miljøet gir humoren fleire retningar å gå i.
