Summerland - Filmdagbok

Summerland 2004

Denne serien gjekk unna. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal ordlegge meg, men serien har fleire deler som minnar om 7th Heaven, ein serie eg mislikar sterkt – men likevel likar eg Summerland.

Det kan godt vere dei pene damene i bikini som villeiar meg. Den kvite sanden, sommaren og sola. Og historiene er lette å følge med på. Dei krev lite, for her er det ikkje vanskelegare tema enn kjærleik, glede og tårer.

Serien utmerkar seg ikkje på nokon område. Men det er sommar-tv med vekt på sommar, og på ein måte ei grei erstatning for Pacific Blue.