Eg seier sjeldan nei til ein postapokalyptisk serie. Survivors handlar om ei gruppe menneske som overlever då over 90 % av befolkninga i verda dør etter å ha blitt smitta av eit virus.
Desse overlevande må kjempe mot mange utfordringar, og håpar samtidig at viruset ikkje muterer så dei også blir offer.
Som britisk serie er handlinga lagt til Storbritannia og korleis ein situasjon som denne ville sett ut der. Det gjer dette noko annleis enn det amerikanske eg som oftast ser. Bra blir det likevel ikkje. Dette går knapt framover, og har ei håplaus samansetting av kjedelege eller dårlege spelte karakterar.
Det er berre fordi eg likar å fullføre det eg startar på, at eg ser ferdig serien. Men det tar eit par forsøk og lenger tid, og slutten veg på ingen måte opp for det kjedelege.