Hopp til hovedinnhold
Plakat for Sweetbitter (2018)

Sweetbitter

Serie
3

Slik det ser ut til, blei denne serien avslutta etter to sesongar. To gode sesongar, som leverer drama på den måten at neste episode straks må bli sett. Det er til å bli hekta på, og det er kjekt. Det er ein serie som i stor grad skrapar på overflata, og klarar å gjere meg interessert i å vite meir. Og som vidare ikkje går i fella på å overforklare noko. Litt mystikk er fint.

Det eg opplever som tiltrekkande mystikk, blir ei svakheit for Sadie Gennis på TV Guide (tvguide.com). I meldinga av første sesong meiner ho at serien blir for overflatisk og gir for lite innsyn i kva som driv Tess. Samstundes rosar ho Ella Purnell og Caitlin FitzGerald. Eg likar betre at serien held noko tilbake, men skodespelet er eit godt haldepunkt i dette miljøet av menneske me vil forstå meir av.