
Tak for ingenting
Tak for ingenting er ein dansk-norsk komedieserie i fem episodar på om lag 20 minutt kvar. Serien handlar om dei to rike vaksne sysken Ella og Valdemar, som får eit sjokk når mora deira plutseleg bestemmer seg for å gi heile formuen til veldedigheit. Midt i oppgjeret står stesyster Siri frå Noreg, som får ei sentral og uventa rolle.
Premisset er morosamt nok. Blikket på privilegerte born der grunnlaget for livet deira forsvinn har potensial. Konfliktane mellom stesystera og dei to danske syskena fungerer ganske bra. Men etter kvart kjem det fram at historia ikkje har nok å spele på.
Problemet er at dette kunne vore ein kort og god film. Det finst ikkje nok til å halde på interessa gjennom fem episodar, sjølv om dei er korte. Oppbygginga blir heilt feil. Serien strekker materiale som truleg hadde fungert betre som ein fim under 90 minuttar.
Formatet er òg hovudinnvendinga til Bo Tao Michaëlis på Filmmagasinet Ekko (ekkofilm.dk), men han ønsker seg noko anna enn eg gjer. Han meiner dei korte sitcom-episodane gir for lite rom for djupna i familiedramaet, medan eg heller ville hatt ein strammare film. Me er meir samde om styrken i konflikten mellom Ella og Siri. Det er interessant at det same materialet kan verke både for oppstykka og for uttrekt.
Det er morosamt nokon gonger. Nokre rollefigurar er gode. Nokre situasjonar bit godt frå seg. Men i lengda blir det kjedeleg. Serien veit kva han vil seie, men klarar ikkje å halde på merksemda undervegs til å seie det godt nok. Her er det nok eit døme på at serieformatet ikkje nødvendigvis var ein fordel.
Godt nok til at ein kjem seg gjennom, men ikkje godt nok til at det set spor etter seg.
