Hopp til hovedinnhold
Plakat for Talamasca: The Secret Order (2025)

Talamasca: The Secret Order

Serie
3

Serien følger ei handling der ein kommande advokat blir trekt inn i ei verd med vampyrar og andre overnaturlege. Hovudpersonen har fått seg jobb, men blir same dag kontakta av ei kvinne som vil tilby han ein annan, utan å kome med detaljar. Serien er prega av ei mørk og spennande atmosfære. Det er innslag av mystikk og det som nemnt det overnaturlege.

Karakterane i serien inkluderer mannen Jasper, som speler si rolle perfekt som utvidane, men ressursrik. Han får eit oppdrag, men veit ikke kva han skal. Serien er godt laga, det er stemning som passar. Produksjonen verkar å legge passe vekt på manus, noko som gjer at karakterane har noko å jobbe med.

Serien kunne hatt litt meir driv. Han verkar noko sakte og manglar spenningsmoment fleire stader. Eg trur kanskje serien ville tent på å heller vere ein komprimert film. Før siste episode håpa eg på ein spenannde siste episode, men han er berre tynn og skal legge opp til ein ny sesong.

Kjensla av ei lang innleiing finn eg att hjå Daniel Kurland på Bloody Disgusting (bloody-disgusting.com). Han meiner dei seks episodane ofte verkar meir som ein prolog enn ein fullverdig første sesong, og at tempoet er eit problem. Han er likevel meir positiv til slutten enn eg. For meg blei lovnaden om kva serien kan bli, for dominerande i høve til kva han faktisk gav denne gongen.

Det finst gode prestasjonar som gjer at eg held interessa. Håpet er at ein ny sesong kan gjere opp for ein svak siste episode, med meir spenning i same bane.