Team Antonsen - Filmdagbok

Team Antonsen 2004

Team Antonsen er eit komiprogram frå NRK med nokon av dei beste komikarar i Noreg. Her har gjengen som er Atle Antonsen, Harald Eia, Bård Tufte Johansen og Kristopher Schau mange sprø innslag både i studio og som skjetsjar.

Det stikk ikkje spesielt djupt. Det handlar om å gjere narr av dialektar og språk, andre tv-program og ulike interesser. Det handlar også om å dra ting for langt, og på den måten fungerer det.

Av minneverdige stunder kan eg liste opp: Ekstrajoker Nord, nordnorsk dialekt, dansk språk og nederlendaren.