Hopp til hovedinnhold
Plakat for Tell Me You Love Me (2007)

Tell Me You Love Me

Serie
2

I Tell Me You Love Me frå HBO følger me tre par og deira hell og uhell i kjærleik og samliv. Eit par har ikkje sex. Eit anna slit med å bli gravide. Det tredje paret har problem med å stole på kvarandre.

I ei eller anna form går para eller personane til den same samlivsterapeuten. Dei har også til felles at dei er ved vendepunktet i livet der problema deira ikkje lenger kan bli oversett, men å ta dei opp vil vere svært ubehageleg.

Tell Me You Love Me kan bli kalla eit relativt standard samlivsdrama, med vekt på ei realistisk framstilling framfor såpedramaet. Det er også eit alibi for HBO å vise mindre dristige sexscener.

Frå starten av er serien litt treg, og han tar seg aldri skikkeleg opp. Verken personane eller dramaet fenger, og det er ikkje stort anna serien består av. Det tar litt tid å tråle seg gjennom episodane, og eg sit ikkje igjen med noko på slutten.

Alan Sepinwall på What’s Alan Watching? (sepinwall.blogspot.com) finn også store skilnader på kor mykje para gir han. I omtalen av finalen meiner han Katie og Dave har bore serien, medan Jamie etter kvart har blitt vanskeleg å følge med på. Eg finn ikkje noko tilsvarande haldepunkt som veg opp for resten. Når serien nesten berre består av desse forholda, blir manglande interesse for personane eit problem det er vanskeleg å komme rundt.