Tell Me You Love Me - Filmdagbok

Tell Me You Love Me 2007

I Tell Me You Love Me frå HBO følger me tre par og deira hell og uhell i kjærleik og samliv. Eit par har ikkje sex. Eit anna slit med å bli gravide. Det tredje paret har problem med å stole på kvarandre.

I ei eller anna form går para eller personane til den same samlivsterapeuten. Dei har også til felles at dei er ved vendepunktet i livet der problema deira ikkje lenger kan bli oversett, men å ta dei opp vil vere svært ubehageleg.

Tell Me You Love Me kan bli kalla eit relativt standard samlivsdrama, med vekt på ei realistisk framstilling framfor såpedramaet. Det er også eit alibi for HBO å vise mindre dristige sexscener.

Frå starten av er serien litt treg, og han tar seg aldri skikkeleg opp. Verken personane eller dramaet fenger, og det er ikkje stort anna serien består av. Det tar litt tid å tråle seg gjennom episodane, og eg sit ikkje igjen med noko på slutten.