Terminator: The Sarah Connor Chronicles - Filmdagbok

Terminator: The Sarah Connor Chronicles 2008

Grunna streik blei premieresesongen av Terminator: The Sarah Connor Chronicles kort. Lengda var derimot ingen hinder for god underhaldning, og det er gjerne når du vil ha meir du finn dei positive sidene ved ein serie.

Dei fleste er godt kjent med Terminator-filmane, enten etter å ha sett dei sjølv eller opplevd tallause parodiar på den ikoniske rolla til Arnold Schwarzenegger som cyborg.

Sarah Connor er kvinna som i dei to første filmane spelar ei viktig rolle. I denne serien er ho igjen i skotet etter å ha blitt fråverande frå Terminator 3: Rise of the Machines. Ettersom Linda Hamilton er blitt altfor gammal for rolla har Lena Headey tatt over som Sarah. Ho har spelt i mange filmar, der rolla som dronninga i 300 er nok blant dei mest kjente.

I lag med Thomas Dekker som spelar John Connor her, er ho del av eit velfungerande team. Eg vil også trekke fram Summer Glau som den tøffe og litt komiske cyborgen Cameron. Er det ein hyllest til James Cameron eller?

Skodespelarane er godt på plass, handlinga er sett til etter Terminator 2: Judgment Day og vel altså å utelukke historia til den tredje filmen. Det flotte er at dette kan fungere, på grunn av moglegheitene for tidsreiser kan fortida og dermed framtida stadig bli endra. Historia til den tredje filmen er altså ikkje støypt i betong. Terminator-mytologien har gode moglegheiter for å tøye grensene. Er han i ferd med å køyre seg opp i eit hjørne er det ingenting i vegen for å sprenge hjørnet.

Eg er ingen hardbarka Terminator-fan, men tykkjer at tidsaspektet er veldig spennande og såg fram til serien. Til å vere tv byr han i blant på ganske rå actionsekvensar, men held seg for det meste til det eg kan forvente meg frå god tv. Fiffig kameraføring som overlet dei mest halsbrekkande stunta delvis til fantasien.

Alle episodane er ikkje like gode. Men det er nok av dei som byr på spenning, drama og alltid har nasen retta framover mot judgment day. Personleg bryr eg meg ikkje om at denne delen av mytologien skal skje ved noko punkt. Målet til Sarah og John er alltid å hindre det, og så lenge serien byr på gode historier undervegs er det nok.

Andre sesong fekk ei full lengde, men serien blei likevel avlyst etter dette. I grunn greit, då det aldri tok av. Mytologi og sånt sett tilside, så klarte ikkje serien å gjere for mykje ut av seg.