Hopp til hovedinnhold
Plakat for Terzi (2023)

Terzi

Serie
3

Tyrkisk Terzi er ein dramaserie med såpetendensar, men og handling som utspelar seg over korte sesongar.

Det handlar om ein populær klesdesignar og skreddar, hans mentalt ufordra far og ein ustabil venn. Samt kjærleik, forviklingar, livskrise og så vidare. Finst det noko å bygge intrigar på, så er det med her.

Terzi er festleg i at serien overdriv det meste. Men også klarar å treffe med dei kraftige verkemidla sine innimellom. Han får historia til å bli spennande, stort sett. Nokre kjedelege stunder i blant unngår me ikkje.

Såpepreget treng ikkje å stå i vegen for spenninga. Jonathon Wilson skriv på Ready Steady Cut (readysteadycut.com) at første sesong av The Tailor, som Terzi heiter på engelsk, fungerer fordi manus og skodespel held dei melodramatiske intrigane saman. Dei mange avsløringane gjer serien lett å sjå vidare på. Det liknar mi eiga oppleving av starten. Serien overdriv, men får likevel dei kraftige verkemidla til å verke.

Tankane går til den spanske serien Gran Hotel, som også overdreiv, var full av intrigar og hadde eit såpete preg. Men Terzi når ikkje opp til Gran Hotel i å kunne levere på dei drygaste løysingane på problema som oppstår.

Første sesong var den beste. Mykje fordi det var nytt, og veldig dramatisk. Andre sesong gjentek mykje, og lev ikkje heilt opp, men hamnar midt på treet. Etter å ha sett ein episode av tredje sesong gav eg derimot opp.