
The 100
Det byrjar med eit interessant konsept. Ungdomar sendt ned på ei radioaktiv jord for å finne ut om ho går an å bu på.
Dei første sesongane held godt på interessa mi. Dei har spenning og nokre moralske dilemma. Men etter kvart som serien går vidare, prøver serien stadig vekk å overgå seg sjølv. Det går på bekostning av god karakterutvikling og ei histroie som er truverdig nok, innanfor seriens univers.
Folk byrja å oppfører seg ekstra rart når det har gått ein del sesongar. Dei som ein gong var handlekraftige og interessante, tek no avgjersler som knapt heng på greip. Det er litt som at alle karakterane som er igjen må innom alle typer personlegdomar. Nokre konflikar blir gjentatt eller forlenga for lenge.
I omtalen av siste sesong på EmotedLlama’s Media Journal (emotedllamasmediajournal.wordpress.com) blir nettopp dette eit stort problem. Skribenten meiner fleire store endringar i Clarke og Bellamy manglar utviklinga som skulle gjort dei truverdige. Samstundes finst det sterke augeblikk for andre figurar. Det ligg nær mi eiga oppleving av dei seinare sesongane. Serien kan framleis treffe, men ønsket om større dramatikk får for ofte styre kven menneska skal vere.
Likevel finst det nokre lyspunkt også mot slutten. Som nokre sterke episodar eller fine rolleprestasjonar her og der.
The 100 hadde vore skikkeleg bra om det var to, maks tre sesongar. Og dei var tettpakka med god handling. Men eg kan òg vere med på at serien berre går og går, for han er basert på ein formel som gjer at det blir eit godt driv sjølv om delar av serien taper seg.
