
The Abandons
Netflix-serien The Abandons er ei forteljing sett til 1800-talet. Ein rik person forsøker å ta over landområde til fleire godseigarar. Serien får hjelp av mange gode skodespelarar, men manus er skrøpeleg. Eg er fan av westernsjangeren, men tykker ikkje at denne tilfører så mykje der. Det er mykje her som ikkje er særleg spennande eller truverdig.
Karakterane i serien er dårleg utvikla. Det er vanskeleg å skape ein emosjonell tilknyting til dei. Trass i vakker natur og potensialet frå dyktige skodespelarar, framstår produksjonen som enkel.
Serien manglar den djupna og originaliteten eg hadde håpa på. Men eg hadde kanskje ikkje forventa det heller. Skaparen er Kurt Sutter, og dei siste sesongane av Sons of Anarchy var skrøpelege òg.
Eg vart skuffa over korleis handlinga utvikla seg. Eg ser potensialet. Det er mange gode idear her. Men ja, manus og gjennomføring manglar.
Romey Norton finn meir å like på Film Focus Online (filmfocusonline.com). Ho rosar motsetnaden mellom dei to kvinnelege familieoverhovuda og meiner dramaet strammar seg til etter ei langsam opning. Men òg ho peikar på sidekarakterar som ikkje får sett spor. Eg blei ikkje like overtydd av utviklinga. Det gode samspelet og potensialet i konflikten er synleg, men for meg får ikkje manuset nok ut av det.
