The Adventures of Tintin - Filmdagbok

The Adventures of Tintin 1991

The Adventures of Tintin var ein serie eg hadde eit sporadisk forhold til som unge. Eg såg litt her og der, men aldri i samanheng. For mange år sidan kjøpte eg ein tinnboks med heile serien samla, men det blei aldri til at eg såg noko.

For nokre månader sidan oppdaga eg at serien låg på Netflix, og tenkte at det var ein ypparleg serie med korte episodar til å sjå i blant. Og i det eg skriv dette innlegget har eg sett ferdig den dei tre sesongane av serien. Ein serie som held det same nivået heile vegen. Artig, litt spennande, men ikkje topp.

Sjølv om mykje av serien verkar å vere lage for eit yngre publikum, har også serien ein del innhald som gjer at det appellerer til vaksne. Det er mykje artig teikneserievald og pistolar, berre ikkje av det blodige slaget.

Elles er dette ein eventyrrik serie som tek oss rundt jorda og viser til mysterium og forskjellige kulturar på ein fargerik måte og slik måte som eg trur mange i samtida er for pysete til å lage det på. Samtidig som samtida har mange hårsåre kritikarar som ikkje ville ha sett pris på fargerikt.