Hopp til hovedinnhold
Plakat for The American West (2016)

The American West

Serie
3

I denne serien som består av åtte episodar tek produksjonen med oss tilbake i tid til den ville vesten. I det som er ein slags dokumentarisk fortalt serie med preg av rekonstruksjon og mange oppdikta innslag for å fylle hola, møter me kjente personar som har levd.

Dei viktigaste personane me blir fortalt om er Jesse James, Crazy Horse, Sitting Bull, president Ulysses S. Grant, general George Armstrong Cluster, Wyatt Earp og Billy the Kid. Men lista over kjente namn som gjerne har blitt foreviga i westernfilmar og forteljingar i ettertid, er lengre.

I eit forsøk på å gi dette tyngde, er det fleire historikarar og skodespelarar som skyt inn med sine kommentarar mellom dei filmatiske innslaga. Men eg vil ikkje seie at serien lykkast med dette. Det er god grunn til å sette spørsmålsteikn ved mange av grepa som er gjort med The American West.

Trass i eg er, og du bør vere, kritisk til det som blir sagt og vist her, så er dette eit interessant blikk på ein periode i amerikansk historie. Dei store linjene er interessante, og filmatiseringa av kva dei ulike personane i seg sjølv er kurant underhalding som westernfilm eller -serie.

Eg saknar derimot at serien tar eit tydelegare val. Enten å framstå som fiksjon, men basert på sanne historiar. Eller å vere ein meir reindyrka og kritisk dokumentarserie. The American West er i pose og sekk.

Michael Knox-Smith er også kritisk på Mikes Film Talk (mikesfilmtalk.com). I meldinga av første episode meiner han at framstillinga blir for rask og forenkla, sjølv om personane som er valde ut er interessante. Det liknar mi eiga kjensle av at serien prøver å få mykje ut av eit usikkert format. Eg blir underhalden av historiene, men saknar eit klarare skilje mellom dramatisering og dokumentar.