
The Animals of Farthing Wood
The Animals of Farthing Wood er ein serie eg blei kjent med som barn då han gjekk på NRK. Det siste året har eg gradvis sett meg gjennom første sesong av serien, som NRK har gitt namnet The Animals of Farthing Wood.
Det er mest av nostalgiske grunnar eg har sett serien. For han er eigentleg ei ganske så langsam affære. Og med norske stemmer så blir det endå meir spesielt for min del. Eg er i utgangspunktet mest glad i opprinnelege stemmer, som er med på å knyte ein tittel tettare til opphavslandet.
Eg har ikkje så mykje meir å skrive om The Animals of Farthing Wood. Eg kan verken anbefale eller åtvare mot å sjå serien. Han har ikkje hatt noko spesiell betyding for meg. Det einaste er at eg tykker dei mest dramatiske scenene kan vere underhaldande dryge, forsøkt sett i frå ståstaden til eit ungt barn.
Omtalen av heile serien på Culturefly (culturefly.co.uk) trekker fram kor alvorleg han tar tap og død. Skribenten finn mykje å bli engasjert av, sjølv om handlinga mister fart mot slutten. Eg har berre sett første sesong i dette gjensynet, og synest alt der at tempoet er langsamt. Det er likevel dei dryge, dramatiske scenene som stikk seg ut for meg også.
