Ein grei animert serie med enkelte episodar som stikk seg ut som ekstra gode. Småting som Samuel L. Jackson med stemma til ein kvit rikmannsson og John C. McGinley som imaginær statsagent i tankane til Huey, samt alle dei originale karakterane som dukkar opp er med på å gjere dette til meir enn rein rasepolitikk og satire. Alt må bli tatt med ei klype salt uansett.
Serien er best dei første to sesongane, og det går litt nedover i tredje. Den fjerde og siste sesongen kom nokon år etter, og blei meir som bonus for fansen å rekne enn eit bra framhald.