
The Couple Next Door
Den britiske serien The Couple Next Door har gått sin gang på NRK. Han kan skilte med kjente skodespelarar frå seriar som Outlander, Poldark og 13 Reasons Why.
Stjernesamlinga var nok litt av drakrafta, men også inntrykket av dette som ein god thriller. Eg kan meine mangt om NRK sin finansieringsmodell, men det redaksjonelle utvalet av utanlandske fiksjonsseriar er eg heller positivt stilt til.
Ei par flyttar inn i nabolaget i forstaden. Dei blir fort kjent med eit nabopar. Den felles tankegangen om at forstaden er kjedeleg, og behovet for spenning av eit slag, gjer at dei finn tonen fort.
The Couple Next Door leverer seks solide episodar som klarar å halde på ein stemningsfull atmosfære og by på spenning i form av mest thriller og drama. Det blir ein slik serie som eg har lyst å sjå neste episode straks, og der den totale serielengda er kort nok til at det aldri blir kjedeleg.
Første episode byrjar med eit frampeik. Eit forteljargrep som har blitt misbrukt og dårleg brukt i seriar i åresvis. Men endå meir skryt til The Couple Next Door er at han klarar å gjere dette på ein god måte, utan å avsløre eller la heile serien ende opp som ventetid før me tek igjen tidrommet frampeiket viser til.
Eg kan varmt anbefale The Couple Next Door.
Skodespelarane får mykje av æra også frå Ian D. Hall på Liverpool Sound and Vision (liverpoolsoundandvision.co.uk). Han rosar særleg Eleanor Tomlinson, men òg ensemblet rundt henne, og meiner manuset driv samanstøyten mellom haldningar og omstende tett framover. Det støttar inntrykket mitt av seks solide episodar. Dei kjende namna lokkar inn, men samspelet og framdrifta gjer at eg blir verande.
