Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Crown (2016)

The Crown

Serie
4

Eg byrja å sjå The Crown for litt over eit år sidan, og fullførte dei fem første sesongane i løpet av vinteren i år. Det er med serien fersk i minne at eg nyleg såg ferdig den sjette og avsluttande sesongen av denne britiske Netflix-serien om kongefamilien.

Gjennom mange tiår med dronning Elizabeth har me blitt tatt gjennom både personlege hendingar og andre storhendingar. Historiske personlegdommar har krydra skjermen, i ein serie som tek seg god tid til å bygge stemning.

Ikkje berre er det enkelte gode episodar av The Crown, men sesongar med tema eller raude trådar som gir meining til å halde fram å sjå. Kanskje med unntak av den siste sesongen, som trass i nokre gode enkeltepisodar slit litt med å fremje ein samanhengande total.

Den siste sesongen kjennest òg oppstykka for Isabelle Anguiano på Irish Film Critic (irishfilmcritic.com). Ho meiner historia om Diana blir strekt ut, medan andre hendingar blir hasta gjennom, og trekker fram Ritz som eit av høgdepunkta. Det ligg nær mitt inntrykk av gode enkeltepisodar utan ein like sterk heilskap. At handverket framleis er solid, er ikkje alltid nok til å binde delane saman.

Det får bli med desse korte orda om The Crown. Som det så fint står i masteroppgåva Filmkritikerens død? av Elisa D’alto frå 2012, og som oppsummere mange av tekstane på Filmdagbok: «[...] har klare mangler i forhold til det som anses for å være god filmkritikk.»