
The Duchess
Som ein kort serie med korte episodar fungerer The Duchess. Eg blir likevel ikkje særleg begeistra. Dette er ein dramakomedie som held så vidt, og lengda er ein del av grunnen til det.
Katherine (Katherine Ryan) er åleinemor i London og vurderer å få eit barn til. Det betyr at forholdet til eksen og mannen ho er saman med, ikkje blir noko enklare. Livet som mor er utgangspunktet, med plass til både konfliktar og ganske direkte humor.
Daniel Hart er meir begeistra på Ready Steady Cut (readysteadycut.com). Han framhevar Katherine Ryan som sentrum i serien og peikar på at dei korte episodane gjer han lett å sjå.
Det siste er også viktig for mi oppleving. Eg kan sjå denne eine sesongen utan at det blir for mykje. Samtidig er det ikkje noko ved gjennomføringa som får meg til å løfte vurderinga særleg høgt.
Me kan ha ei grei stund med ein serie utan at det betyr at alt fungerer. The Duchess hamnar der for meg. Avgrensa format, avgrensa utbyte, men nok til at eg kom gjennom sesongen.
