- Filmdagbok

The Fresh Prince of Bel-Air

Situasjonskomedie som sette Will Smith på kartet gjekk i seks sesongar frå 1990 til 1996. Det er ein serie som er prega av å vere 1990-tals, og har svært formulaiske vitsar. Men han byr uansett på nokre morosame stunder. Det eg kan like best er når serien torer å smøre litt ekstra på. Når han er enten dryg eller alvorleg.