Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Good Place (2016)

The Good Place

Serie
2

The Good Place er ein komiserien om livet etter døden.

Kristen Bell og nokre andre hamnar på den gode staden når dei dør. Det er ikkje himmelen, men har visse likskapar. Det finst visst mange gode stader, og dei ser ut som små nabolag. Ted Danson spelar skaparen av dette nabolaget.

I byrjinga av serien handlar det seg om å tilpasse seg til den gode staden. Karakteren til Kristen Bell oppdagar at ho har komme til den gode staden ved ei feiltaking. Ho skulle eigentleg ha blitt sendt til den dårlege staden. Fordi ho var eit dårleg menneske når ho levde.

Den første sesongen handlar i grove trekk om dette. Utan å røpe noko av den vidare handlinga, så byrja serien å endre seg mot slutten av første sesong og ut i andre sesong.

Hittil har eg sett tre sesongar, og dette er ein serie som torer å utforske nye sider av dei han viste i starten. Det skjer ei utvikling. Det fungerte godt i to sesongar, men mista nok litt taket på meg i tredje sesong.

Sophie Davies er meir begeistra for tredje sesong på Sophie Davies (sophiedavieswriter.wordpress.com). Ho meiner dei stadige endringane viser kor oppfinnsam serien framleis er, og trekker fram både den kjenslemessige utviklinga og D’Arcy Carden sitt skodespel i Janet(s). Eg mista litt av interessa her, men det er lett å sjå kva ho meiner. Serien held verkeleg fram med å prøve nye ting, sjølv når ikkje alt treffer meg like godt.

Eg er spent på kva serien vil by på i fjerde sesong. Om ikkje anna, så har eg har trua på at nivået er ein passe dose humor, og minst like kurant som tredje sesong.