Netflix-serien The Haunting of Hill House var eit positivt innslag på seriefronten i 2018. Det var med glede eg venta på andre sesong, som etter kvart viste seg å vere ein ny serie eller eit nytt kapittel med tittelen The Haunting of Bly Manor.
Og det byrjar ikkje så aller verst. Serien legg grunnlaget med god mystikk, karakterar som er lette å få taket på og eit spennande miljø. Gradvis utviklar det seg og byggjer seg opp mot noko. Men litt over halvveges i serien seier det stopp, og dei tre siste episodane er ein stor skuffelse.
Med skuffelsen så kjem også saknet etter meir frå resten av serien fram. For når han ikkje evnar å levere mot slutten, så blir eigentleg første del av serien litt unødvendig eller juks på eit vis. Eg saknar blant anna at serien skal vere skumlare. Men det har seg slik at serien heller ønskjer å brette ut om skjebnar.
Nokre finurlege innspel finst det derimot. Eg har sansen for ein del av detaljane rundt tid, rom og oppførsel. Og korleis desse blir løyst opp i, sjølv om løysinga blir fortalt i tre av dei mest saktegåande og tålmodsprøvande episodane eg har orka å sett ferdig på ei god stund.
The Haunting of Hill House er ein serie eg anbefale. Mens The Haunting of Bly Manor er ein eg anbefalar sterkt at du held deg unna. Dei heng ikkje saman på nokon måte, anna enn at det er Mike Flanagan som står bak begge seriane, og at han brukt nokon av dei same skodespelarane. Så du går ikkje glipp av nokon samanheng ved å utelate enten den eine eller andre serien.