The Inbetweeners - Filmdagbok

The Inbetweeners 2008

The Inbetweeners er ein britisk komiserie som har gått i tre sesongar på E4 sidan 2008. Det handlar om utfordringane som kjem i puberteten, og serien blir fortalt gjennom fire gutar som er mindre populære på skulen.

Om det høyrest ut som nok ein typisk ungdomsserie så er det ikkje slik. The Inbetweeners har dryge vinklingar på enkle problem og fargerike rollefigurar som bidrar til hysteriske augneblinkar. Til tider kan serien helle over mot meir grisete humor, men i staden for å vise avsky lønnar det seg å ta til seg dei sprø tankane skaparane har latt løpe løpsk i produksjonen, for å la seg mest mogleg underhalda.

Det som er både flott og litt synd med det typisk britiske serieformatet er at sesongen er veldig kort. Seks episodar er for lite, men det gjer og at eg aldri blir lei, og alltid har lyst på meir. The Inbetweeners er fullstendig, tettpakka og eit godt produkt.