
The Inbetweeners
Amerikanske The Inbetweeners, basert på den britiske The Inbetweeners, er ei bleik kopi av originalen.
Serien gjekk ein sesong på MTV før han vart lagt ned. Det handlar om fire upopulære gutar i ein vennegjeng, forsøket deira på å få damer og flaua episodar i ungdomstilværet.
Det er morosamt nok. Hadde serien halde fram så ville eg ha sett på. Rett og slett fordi det er så enkel og uforpliktande moro.
Serien og karakterane manglar nok substans til at dette skal slå skikkeleg an, som nok er ein av grunnane til at dette aldri tok av i USA.
Etter dei tre første episodane saknar skribenten på The M Report (themreporter.blogspot.com) mykje av energien og den kvikke dialogen frå den britiske serien. Vitsane blir for føreseielege, og vennskapet får for liten plass. Eg synest den amerikanske utgåva er lettare å tolerere enn denne omtalen gir inntrykk av. Men mangelen på noko å feste seg ved kjenner eg igjen, også når det kjem nokre enkle latterar undervegs.
