Hopp til hovedinnhold
Plakat for The IT Crowd (2007)

The IT Crowd

Serie
3

The IT Crowd er den amerikanske pilotepisoden som aldri blei noko av. Mens britiske The IT Crowd gjorde stor suksess, var visst dette langt i frå å vere godt nok til å bli utvikla vidare til ein fullstendig serie. Men sidan eg i stor grad mimra tilbake til den britiske serien, så blei dette likevel meir overkommeleg enn eg hadde sett for meg.

Det interessante er at manuset er identisk med den første britiske episode. Så om ikkje anna så er dette eit interessant studie i kor forskjellig det likevel kan bli.

Kor mykje framføringa betyr blir tydeleg i Justin sin omtale på Mutant Reviewers (mutantreviewersmovies.com). Han meiner replikkane fungerer dårlegare med dei nye skodespelarane, og saknar særleg den komiske timinga til den britiske Jen. Moss er unntaket. Eg er mindre avvisande til piloten, men dette er nettopp det interessante ved å sjå så likt materiale få eit så annleis uttrykk.