The L Word er ein serie frå Showtime, om ein vennegjeng med lesber som bur i Los Angeles. Serien følger livet deira i løpet av seks sesongar, og handlar om kjærleiksforhold og personlege liv. Typisk innhald for drama med andre ord.
Ettersom dette er Showtime er det ikkje overraskande at serien viser litt meir hud og inneheld sterkare ord og dristigare tematikk enn for eksempel Fox, NBC og CBS. Men trass i lesbisk sex så er serien rimeleg mild. Etter at serien har introdusert denne delen av seg i starten, så verkar det ikkje på meg som at dette er den typiske grensesprengande serien. Slik som Californication alltid skal bli drygare, og Weeds også tok ting langt.
Etter ein lang pause mellom andre og tredje sesong såg eg dei fire siste sesongar unna på kort tid. Dramaet er fengjande og involverande, og stort sett interessant. Utover i dei to siste sesongane byrjar det å gå på tomgang, men alt i alt synst eg serien held seg godt frå start til slutt.
The L Word er ein god serie om du utelukkande vil ha eit godt drama. Men utover dette har ikkje serien noko ekstra av historie eller tema som er spesielt interessert. Det er sjølvsagt heile greia med at dette er om den lesbiske scena i Los Angeles, men på sett og vis er dette ei heilt normal greie, og eg ser ikkje på det som noko ekstraordinært.
Dommen er altså klar. Ein god serie, men ikkje ei anbefaling. Då hadde eg nok sannsynlegvis heller ikkje hatt ein så lang pause mellom andre og tredje sesong som eg hadde, ein pause på fleire år.