The Last Train er ein post-apokalyptisk miniserie frå 1999 og opphavleg sendt på britiske ITV. Den handlar om etterspelet til eit asteroidenedslag og følger ei gruppe meir eller mindre tilfeldige menneske, viss du ser bort frå dei skreddarsydde konfliktorienterte personlegdommane.
Under det som er den siste togturen blir dei innestengt i ein tunnel når asteroiden skapar jordskjelv, der blir dei frose ned av ein gass som ein av passasjerane har med seg. Harriet som ho heiter, visste at nedslaget kom til å skje og var på veg til dvaleland med gassen i handbagasjen.
Tida går og dei vaknar opp. Først er dei usikre på kva som har skjedd. Så fortel Harriet dei om gassen og at det må ha gått nokon månader. Vel ute av toget og tunnelen oppdagar dei at England har blitt folketomt. Harriet er rådd over på å finne atombunkersen ho var på veg til før togkrasjet. Undervegs vil ulike interesser blant passasjerane føre til konfliktar. Trøbbel møter dei på vegen og tida gir dei fleire sjokk.
The Last Train har den grunnleggande ideen til ein god post-apokalyptisk serie på plass. Serien er laga og forfatta av Matthew Graham, mannen som også laga Life on Mars. Han har tydelegvis sansen for å plassere folk i uvante tidsrom for å gi sjåaren gleda av å følge karakterar si tilpassing.
Synd er det at The Last Train blei med ideen. Dei tre første episodane gjekk greitt ned i vente på noko meir, men det vart med ventinga. Som miniserie forventa eg meir film enn episodebasert handling. Her er det stadige hinder som drar ut i kvar episode, aldri spennande og på rekning av utviklinga til hovudhistoria. Lite hjelp det at skodespelet er dårleg og karakterane er usympatiske idiotar som gang etter gang skapar trøbbel for kvarandre ved å ty til dei mest føreseielege handlingane.
Det er mest på grunn av det låge tempoet at The Last Train blir ei tolmodsprøve. Hadde ting skjedd litt fortare, og hadde avstanden til målet vore lengre. Eller hadde eit eller anna vore annleis iallfall, så hadde eg ikkje reagert særleg på avgrensingane. Miljøet me er vitne til er spennande og detaljert, men blir uviktig og uutforska for karakterane. Fordi karakterane som nemnt er kjedelege, blir eg sittande å studere andre ting i bakgrunnen. Når det så skjer lite nytt der blir eg utålmodig.
Jeremiah, for å samanlikne, er ein amerikansk serie av det post-apokalyptiske slaget med passe avgrensa miljø. I motsetning til The Last Train viser han nye område litt og litt, i hurtigare tempo og med mindre dveling. Dette gjer at eg sit igjen med nysgjerrigheit for meir framfor å bli lei av det eksisterande. Jeremiah er forresten betre på omtrent alle måtar.
Eg har mange tankar om serien, mest negative, men for å gi meg mens leiken er god hoppar eg rett til avsluttinga. At eg skriv dette betyr jo at eg har fullført The Last Train, trass i alt. Grunnen er at eg var sopass nysgjerrig på slutten at eg måtte køyre løpet ut. Vonbrota undervegs lét seg dessverre vere forgjeves, slutten er absolutt på nivå med resten av serien.
The Last Train er ein god ide, men dårleg gjennomføring. Han kan ikkje bli anbefalt.