
The Mentalist
Eg kan ikkje akkurat seie at The Mentalist tek seg sjølv så høgtideleg. Det er eit krimdrama, men humoren er med heile vegen.
Sjølv om det er føreseieleg, så er det artig, og dermed underhaldande. Premisset er tullete, og serien veit det. Patrick Jane går rundt og løyser saker skråsikker intuisjon. Og alle let han halde på. Det er usannsynleg, men det fungerer fordi det er gjort med glimt i auget.
Patrick Jane er ein arrogant lurendreiar som spelar rolla si som tankelesar med eit smil. Han veit alltid meir enn alle andre.
Enkelt og repetitivt er det. Men òg fengande. For meg held det å sjå ein sesong, men han var ikkje verst.
Simon Baker si utstråling får mykje av æra hjå Rebecca Wright på Movie Gazette Online (moviegazetteonline.net). I omtalen av første sesong meiner ho at Jane stundom er urimeleg treffsikker, men at skodespelaren gjer det lett å godta han likevel. Det er nær mi oppleving av det tullete premisset. Glimtet i auget og sjølvtilliten gjer at eg kan ha det artig med sakene, sjølv når eg ikkje trur særleg på måten dei blir løyste på.
