Første sesong av The O.C. var blant det beste blant tv-seriane eg hadde sett fram til 2005. Eg klarte ikkje å stoppe når eg var i gang med han. Eg måtte berre sjå neste episode, og neste, og neste. Så var eg plutseleg ferdig med dei 27 første episodane av sesongen. Eg såg langt etter ein like god serie i same sjanger. For The O.C. hadde veldig god humor og bra drama som traff meg godt.
Så kom andre sesong og var skuffande. Full av fillers og fan service. Mindre tettpakka og ny handling, meir gjentaking. Sesongavsluttinga gav meg ikkje den same trykkande stemninga som avsluttinga i første sesong gjorde. Eg var heller skuffa, ettersom eg såg fram til noko så mykje betre enn det eg fekk.
Når eg høyrte at ein favoritt frå deler av første sesong, Jimmy (Tate Donovan) skulle komme tilbake, så forventa eg mykje meir. Jimmy var ein kul fyr med seriøse problem. Når han kom tilbake blei brått ting godt igjen. Det stemte ikkje heilt. Gravferda til Caleb (Alan Dale) var heller ikkje særleg. Han fortente betre, så viktig som rolla var for serien. Han brukte å vere den vonde mannen på ein god måte, men blei også for tam utover den andre sesongen.
Den bøllete oppførselen til Ryan (Ben McKenzie) i andre sesong var også litt påtatt. The O.C. verkar dømt til å repetere seg sjølv, og eg skulle heller ha venta til sesongen var ferdig før eg fann på å sjå han. Slik eg gjorde det med første sesong.
Sorry er eit av dei orda som går igjen og igjen i serien, så mykje at ordet mistar meininga si fullstendig. I denne samanhengen unnskyldar eg meir til meg sjølv for mi skuld. Første halvdel av tredje sesong såg eg på eit vekentleg basis, noko som var ein stor tabbe. Eg burde visst betre frå nedturen med andre sesong. Første halvdel av tredje sesong var noko av det kjedelegaste eg har sett. Eg måtte gi opp og vente til sesongen var ferdig før eg held fram.
Når tredje sesong var ferdig derimot, gjorde eg det på den måten eg blei kjent med serien på gjennom. Eg såg dei resterande episodane i løpet av få dagar. Det tok seg opp nokon hakk. Eg trudde serien hadde tapt seg heilt, men det var framleis nok igjen til at det var underhaldande.
Fjerde sesong av The O.C. blei den kortaste sesongen i serien. På grunn av eit søkkande sjåartal såg Fox seg nøydd til å sette sluttstreken. Etter mi meining skjedde dette altfor seint. Sjølv om eg likevel brukte tid på å sjå serien ferdig.
Etter at Marissa (Mischa Barton) døydde mot slutten av tredje sesong gjekk serien inn i ein fase der svært lite av samanhengen mellom episodane var spennande. Allereie ut i andre sesong såg eg teikn på at The O.C. gjorde seg best som ein ny serie, og at alt etterpå var eit forfall.
Gamle trådar blei brukt igjen og igjen. Dei parodiske vendingane på typiske såpeseriar blei føreseielege. Plusset var at skaparane hadde sjølvironi omkring produktet dei laga. Humoren og det sentimentale redda serien. For eksempel vil Seth Cohen (Adam Brody) bli godt hugsa som slapp ungdom med sarkastisk tunge, og er ein skodespelar eg kjem til å følge vidare.
Siste episode var blant det mest avsluttande eg har sett i nokon serie hittil. Hopping framover i tid og lykke i massevis. Eg må innrømme eg fekk ein klump i halsen, trass i at eg for lengst hadde mista den største interessa The O.C.