
The Office
Den britiske varianten av The Office har heilt til no vore utanfor rekkevidde. Og nedprioritert må eg innrømme. Trass i at eg har følgd med på den amerikanske varianten i mange år.
At eg no såg serien var på grunn av ei rekke tilfeldige møte med standupkomedie, Extras og Ricky Gervais i ulike samanhengar.
Det tok relativt kort tid å sjå serien. Både fordi serien er kort, men mest fordi serien er god. Eg kom ikkje unna å samanlikne undervegs med den amerikanske varianten, men serien gav mykje uansett. Andre personar, litt anna form for humor og ikkje fullt så lett tone.
I omtalen av første sesong på ChCse’s Blog (chcse.blogspot.com) blir det vanskeleg å like David Brent sett som både eit problem og noko som held interessa oppe. Skribenten finn ikkje alltid nok sympati for personane, men blir likevel sittande og vente på kva dei får igjen for oppførselen sin. Eg synest den mindre lette tonen gir serien mykje. Det er ubehageleg selskap i blant, men humoren får ei anna kraft enn i den amerikanske varianten.
