Det tok kort tid frå eg byrja med The Office i 2006 til eg blei hekta. Vitsane bygde på daglegdagse hendingar og kom ofte som små overraskingar. Kontoret til papirseljarane i Dunder Mifflin blei arenaen for god humor og flaue scener. Fleire av karakterane framstod som delvis utilpassa, men snille personar.
Etter nokon sesongar byrja serien å vise små teikn på slitasje. Formatet var ikkje lenger nytt. Men samtidig fekk karakterane og handlinga utvikla seg vidare. Grunnlaget for at karakterane kunne få meir tid på eiga hand var lagt. I tillegg dukka nye folk opp stadig vekk, og det var alltid artig å sjå på.
Det har ikkje vore min låge terskel for tv-komedie, eller lojaliteten min til påbyrja seriar, som har helde meg til The Office. Heile vegen, både forbi dei mindre gode episodane og etter at Michael Scott (Steve Carell) forlét serien, har han klart å komme med små gullkorn som har gjort det heile verdt å sjå.
Det har vore tider då eg tykte at serien kunne ha blitt avslutta. Men det har gått meir på forventningar med opphav i nostalgien til barndomen til The Office. Å kunne leve opp til byrjinga då eg var hekta på det meste.