Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Playlist (2022)

The Playlist

Serie
3

Starten er knall. Ein serie som blandar tema som juss og koding. Det handlar om Spotify. Og slik som det blir framstilt her så er det nesten som eit eventyr ei stund.

Episodane pisodane er bygd opp slik at forskjellige personar fortel ho. Men dei fortel vidare, og ikkje frå same tidsepoke som den førre. Det er bra, for eg mislikar ofte gjentaking.

Men er tung og einsidig. Det går frå å vere leikent til å preike. Daniel blir gjort om til å vere ein skurk. Det minnar meg om The Social Network. Men ein kopi heller enn å vere så god. Serien er uklar i om det er fiksjon eller formidling av sanninga.

Daniel Hart ser balansen annleis på Ready Steady Cut (readysteadycut.com). Han meiner serien viser både gründarane og musikkbransjen som aggressive og utnyttande, og at dei ulike perspektiva gir sjåaren rom til å gjere seg opp ei eiga meining. Det er eit interessant motargument til mi oppleving av at serien blir einsidig. Me er samde om at starten og dei juridiske og tekniske utfordringane gir godt drama, men eg synest historia mistar meir av leiken undervegs.

Mykje er vellaga. Dei første episodane står støtt. Dette kunne ha vorte til ein ordentleg god serie. Han fann nesten den rette tonen, men feila der kor det var viktigast, og det var kva han skulle gjere med historia.