Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Recruit (2022)

The Recruit

Serie
3

Første sesongen traff godt. Serien var smart og jordnær. Han var passe kreativ. Det var ei fin blanding mellom kaos og gode karakterar. Hovudpersonen Owen kom fram gjennom det hand gjorde og korleis andre tok i mot han.

Det er samspelet som får kaoset til å fungere. Brian MacNamara trekker på TL;DR Movie Reviews and Analysis (tldrmoviereviews.com) fram korleis Noah Centineo gjer Owen både uerfaren og lærevillig, og kor godt han fungerer saman med Max. Han meiner feila til Owen får naturlege konsekvensar. Det passar med inntrykket mitt av første sesong. Humoren og forviklingane verkar best når dei spring ut av menneska, ikkje berre av ønsket om å tulle.

Så starta eg på sesong to. Men eg gav meg etter ein halv episode. Tonen var meir som ein parodi enn før. Første sesong tulla med mykje, men andre sesong byrja å tulle for hardt. Og hadde ikkje noko god historie som slo an frå byrjinga av.

Eg kan leve med ein sesong, og at den var passe god.