Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Secret Life of the American Teenager (2008)

The Secret Life of the American Teenager

Serie
2

Eg såg to og ein halv sesong av denne serien. Mykje til eigentleg ikkje å like han spesielt godt.

I starten prøver The Secret Life of the American Teenager å vere noko viktig. Ein serie om tenåringar, sex og konsekvensar av ubeskytta sex. et er mykje snakk, og mykje av det er det same om att og om att.

Karakterane utviklar seg ikkje, dei driv med dei same problema frå episode til episode.

Dei fleste skodespelarane gjer det dei kan. Men materiale er dårleg, så dei framstår som dårlege skodespelarar. Diverre.

Serien er ikkje realistisk, verken i måten ungdommane snakkar på eller i korleis dei handterer venskap, sex og foreldre.

Allereie førsteepisoden får gjennomgå på Reviewed by an Actual Adult (secretlifereviews.wordpress.com). Skribenten reagerer på korleis både middagar og samtalar på skulen stadig blir dreia mot sex, og undrar seg over om personane nokon gong snakkar om noko anna. Det er ei langt meir avgrensa vurdering enn mi etter over to sesongar, men ho treff noko vesentleg. Når alle samtalane må tene det same temaet, byrjar personane å verke som talerøyr framfor menneske.

Likevel er det noko med dette som gjer at eg blei sittande og sjå vidare i over to sesongar. Kanskje fordi det minnar om eit bilkræsj, og eg ikkje klara å sjå vekk.