Hopp til hovedinnhold
Plakat for The Simpsons (1989)

The Simpsons

Serie
3

Dei sju første sesongane av The Simpsons var fulle av kvikk humor og mange forskjellige poeng som gjorde episodane fullstappa. Samanlikna med dei få enkelte episodane eg har sett frå seinare sesongar.

Når eg kom så langt som eg kom byrja serien å miste noko av gnisten for meg. Meir fyll i episodane for å hale ut tida. Som songar, lange og unødvendige forklaringar og grenser som blir trådd over som gjer at karakterane ikkje har personlegdom lenger.

Så eg slutta å sjå på. Eg skulle gjerne ha halde fram om eg visste at dette kom til å halde nivået, men det var best å gi seg før eg blei irritert.

Det finst gode motargument mot å gi opp på dette punktet. Dustin J Allen vurderer åttande sesong som ein av dei sterkaste på “classic” simpsons (storylinefever.substack.com), og trekker særleg fram oppfinnsam forteljing og større plass til kjenslelivet til figurane. Eg har ikkje sett nok av dei seinare sesongane til å avvise det. Likevel er det nettopp når eg mistar kjensla av menneska bak vitsane at eg også mistar lysta til å halde fram.